Likar du deg ute i skog og mark? Vil du læra å bruka kart og kompass? Kanskje orientering er ein idrett for deg? Me har kurs for nybegynnarar i idretten laurdag 6. april med start kl 13.00.
Då blir det først litt teori om kart og kompass, før me tar kartet med oss og prøver å finna fram i området rundt Bjoa skule. Kurset er gratis! Kle deg i passande skotøy til å ferdast ute i myr og mark. Kurset varer ca 2 timar.
Tysdag 9. april reiser me til Vikebygd og prøver oss på nybegynnarløyper. Alle som vil ha hjelp og assistanse får ein o-løpar med seg ut i løypa. Kurset eignar seg for alle frå ca 9 år og oppover.
Vel møtt!
Foto: Torunn Hetland