Foto:

Offisiell opning av Bjoa barnehage

Av: Linda Frotjold 31.05.2008

Torsdag 22. mai var det offisiell opning av Bjoa barnehage. Då var alle foreldre, alle entreprenørane, Kristin Hansen, og ordførar, Arne Bergsvåg, og alle dei som har vore med å bidratt til at bygget står ferdig invitert til Bjoa.

Barna opna med å synga ein velkomst song, og dei både song og dansa til songen ”Buggi- Buggi”.

Deretter var det Sondre Bergsvik Knudsen som knuste til med eit solonummer der han framførte songen "tenk at nå er dagen".

Ordføraren hadde òg satt av tid til å vere med på opninga av den nye barnehagen.

Det var stas å få besøk av ordføraren, og særleg når eit par barn fekk vere med å klyppe snora.

Kirsten Hansen som òg var med oss på denne store dagen hadde med seg to pakkar til oss. Me fekk fleire ulike spel og ei tennisleike til å ha ute. Dei leikene blei me veldig glad for og er allereie blitt tatt i bruk.

Me i barnehagen er både glade og takksame for at politikarane har gjort det mulig for at ungane her på Bjoa har fått flytta inn i ein heilt ny flott barnehage. Barnehagen har mange rom med flotte lyse lokaler.

Me har nå kapasitet til å ta inn 25 barn kvar dag, og det blir barn frå 0-6 år. Dette er ein viktig dag for bygdå, og dei som veks opp på Bjoa vil få eit vesentleg betre tilbod. Nå når idrettslaget òg lagar ballbinge rett ved sida av skulen og barnehagen vil det vere med på at tilbodet og kvaliteten vil bli mykje betre på heile anlegget her.

Barna sjølve er kjempenøgde med den nye barnehagen og det aller mest populære er nok sjørøvarskuta på uteområdet. Den er det born i heile dagen.

Foto: Linda Frotjold

Bjoanettredaktøren gratulerer med ny barnehage og takker for flott billedkavalkade.