Foto:

Rosa hanskar frå Granberg

Av: Hentet fra Grannar 06.10.2011

Grannar: -Ni millionar rosa eingongshanskar og ein dansevideo er Granberg AS på Bjoa sitt bidrag til Rosa Sløyfe-aksjonen 2011.

Oktober er månaden der fokuset på forsking av brystkreft står i sentrum, og kven har vel ikkje høyrt om både rosa sløyfer og arrangement som i same regi samlar inn pengar til kreftsaka. Å styrka viktige innsatsområde er formålet med den Rosa Sløyfe-aksjonen, der målet er at tusenvis av menneske over heile landet skal få auka kunnskap om brystkreft, samtidig som det vert samla inn pengar til kampen mot sjukdommen.

- Dette hadde me lyst til å vera med på, og bestemte oss for å gi ei gåve til denne aksjonen, seier administrerande direktør Ole Marthon Granberg, ved Granberg AS på Bjoa.

Foto: Grethe Hopland Ravn