Det vert også i år arrangert bytedag på skulen, onsdag den 6. februar kl 18.00 til 20:00. Opplegget vert som tidlegare, at kvar enkelt tek med seg varer som ein vil bytte eller selge.
Varene må merkast godt med navn og pris, slik at kjøpar kan kontakte deg. Pengane for salet beheld du sjølv. Vil du å kvitte deg med noko som er vanskeleg å transportere, td. husdyr/kvitevarer/bilar/båtar/uvanar....
Kan du ta eit bilete eller skrive ein lapp som du heng opp. Bjoa FAU lagar til kafè med lynlotteri og sal av pølser, kaffi og kaker. Alle er hjarteleg velkomne.
Inntektene frå arrangementet går til "prosjekt uteområde".
Helsing Bjoa FAU
Arkivfoto: Marit Eikehaugen. Bytting/salg på canadisk vis.