Me skal gjera vårt beste for at Skjold og Sandeid og Bjoa blir godt ivaretekne som bygder, sjølv om våre 9 representantar ikkje heilt klaffa i å falla ned med akkurat ein i kvar av dei 9 bygdene i Vindafjord.
Haugesunds Avis ser ut til å meina at kommunevalet viser at Vindafjord enno ikkje har vakse ut av gammal bygdastrid. Dei andre partia får snakka for seg, men me i Senterpartiet synest at me er på god veg å fylla vårt slagord "Med hjarta for heile Vindafjord" med innhald.
Ikkje berre hadde me beste lista når det gjaldt fordeling på kjønn, geografi og alder, våre velgjarar traff ganske godt med sine kumuleringar når det gjaldt å spegla dette av i representasjonen i kommunestyret.
Mellom den siste kandidaten som kom inn og 6. varamann skiljer berre 38 kumuleringar, slik at det er meir eller mindre tilfeldig at eksempelvis veteranen frå Vikebygd kom inn i kommunestyret og ikkje dei unge frå Skjold, Vats, Sandeid eller Imsland.
For oss som for alle dei andre partia gjeld det å bli flinkare til å presentera nye kandidatar, slik at veljarane blir kjende med desse i god tid før valet.
Eit oversyn HA hadde i avisa for ikkje lenge sidan viste at det står dårleg til med dei politiske ungdomsorganisasjonane på Haugalandet. Her har alle partia si oppgåve i å skapa inkluderande miljø for politisk aktivitet blant ungdomen, og dermed auka både rekruttering og valdeltaking. At 41% av veljarane i Vindafjord ikkje nyttar røysteretten sin har me alle ansvar for å endra på.
Me skal gjera vårt beste for at Skjold og Sandeid og Bjoa blir godt ivaretekne som bygder, sjølv om våre 9 representantar ikkje heilt klaffa i å falla ned med akkurat ein i kvar av dei 9 bygdene i Vindafjord. Me skal prøva å ikkje skuffa korkje dei 32% i Skjold, 33% i Vats, 43% i Sandeid, 66% i Vikedal, 70% i Imsland, 26% i Ølen, 30% i Vågen, 14% på Bjoa eller dei 52% av veljarane i Vikebygd som røysta på oss.
Sikkert er det at ordføraren vår blir rekna som heile kommunen sin mann, med mellom 50 og 75% oppslutnad i alle krinsar, aukande til lenger ut frå sentrum ein kjem. Saman med han skal me gjera vårt til å verkeleggjera visjonen vår om dei ni levande bygdene som tilsaman skal utgjera ein livskraftig Vindafjord kommune.
Dette kan skje den dagen me politikarane viser at me unner alle bygdene i Vindafjord rett til god utvikling gjennom oppretthalding av basisfunksjonar som skule, barnehage, SFO og helsetenester. Me meiner og at dette paradoksalt nok heng saman med utviklinga av eit sterkt administrativt senter for Vindafjord og indre Haugalandet i Ølen.
Som by og land er det, er og sentrum og utkantar i Vindafjord like avhengig av kvarandre sitt velvære og bør kunna gå fram ”hand i hand” og ikkje ”mann mot mann.”
Me gledar oss til å ta fatt og halda fram i Vindafjordpolitikken. Takk til alle dokke som bidrog i valkampen og til alle som trudde på oss nok til å gi Senterpartiet eit kjempeval!
Med framtidsretta helsing
Vindafjord Senterparti si kommunestyregruppe:
Arne Bergsvåg (ordførar)
Anne Gro Magnus
Arild Austrheim
Åsmund Kalstveit
Gunn Vikingstad
Per Bakkedal
Siv Bente Stople Østbø
Olav Eikeland
Dominikus Nagell Bjordal
(representantar)
Marit Øverland
Lars Bryn Rønnevik
Leif Christian Andersen
(1,2,3.vararepr.)
Foto: Marit Eikehaugen. Haugsgjerdet sett fra Bjoafjorden