Fredag 1. oktober kl 13.00 blir det Småbarnstreff på Helsehuset på Innbjoa.
Sjølv om det er slutt på barnekontroll med helsesøster på Bjoa, vil me likevel ha eit tilbud om sosialt samvær for store og små! Småbarnstreff på Helsehuset vert fast arrangement framover, første fredag i månaden.
Som ved barnekontrollane står Helselaget for enkel servering, og me kan putte ein liten sum på sparebamsen deira. Det blir rom for ein prat mellom bleiskift og mat. Helselaget har også matter og mange fine leiker som ungane kan benytte seg av.
Alle med små barn frå 0-3 år er hjertelig velkomne!
Større søsken kan også få vera med.
Foto: Trine Sørensen