Haugesunds Avis: -Trass i eit elendig valresultat ved førre kommuneval, vil bjoafolk ha krinslista si også ved haustens kommuneval i Vindafjord.
Krinslista for Innbjoa og Haugsgjerdet, som lista heiter, har i dag berre Kjartan Innbjo inne i kommunestyret. – Eg har sagt eg kan halda fram om bygdefolket vil ha meg. Me skal ha nominasjonsmøte om kort tid, seier Innbjo.
Etter det Haugesunds Avis kjenner til, er det fleire parti i Vindafjord som har freist ”fiska” Kjartan Innbjo over på sitt lag, men dei har fått nei.
Fra Bjoanetts fotoarkiv: Kjartan Innbjo