Foto:

Støtte ei god sak

Av: Anne Gunhilde Oma 25.11.2008

I heile desember kjem det til å stå ein boks/kasse på Buo,
der du kan legga pantelappen din og la pengane gå til ei god sak.

På julemarknaden dei siste åra har det vore ein stand som skil seg litt ut frå dei andre. Det er standen med julekakene. Alle kakesortane er baka på dugnad og inntekta går uavkorta til eit hjelpeprosjekt på Sri Lanka.

Det var foreldra til Torbjørn Hamre som i si tid starta dette prosjektet. Nå er det Anita og Torbjørn som har tatt over. Dei har ein norsk venn/kontaktperson på Sri Lanka som hjelper dei.

Det heile starta opp med ein matstasjon der ungar kunne koma å få seg eit varmt måltid kvar dag. For dei fleste av ungane var dette det einaste måltidet dei åt i løpet av dagen.

Ettersom fleire har blitt giverar til prosjektet har ein del av ungane fått skuleuniformer og det er starta opp med microkreditt. Dvs. at folk som ellers ikkje får lån i banken, kan få låna ein liten sum pengar. F.eks. fekk ei dame låna pengar til å kjøpa seg strikkepinnar og garn. No strikkar ho babysokkar og huer som ho sel med litt forteneste. Ein bonde har fått låna pengar til å kjøpa ei ekstra ku.

Me i julemarknadskomitèen synes dette er eit så flott prosjekt, at me ville prøva å få til noko ekstra. Derfor kontakta me Joker Buo og spurte om litt hjelp. Det blir nå sett opp ein boks/kasse i butikken i heile desember der du kan legga pantelappen din oppi. Dvs. at i staden for å ta ut panten i pengar til deg sjølv, gir du den til prosjektet. Det er og mulig å legga ekstra pengar oppi om du vil det. Dersom nokon vil bli faste giverar eller gi ein eingongssum, så kan du ta med deg ein giro som vil ligga ved boksen.

Foto: Fra Bjoanetts arkiv. Fra Sri Lanka