Det har lenge vore vanskeleg, sjølv på godversdagar, å ta seg fram til Vikestølen frå Rotvoll utan å bli våt på beina. Sikkert mange som har vegra seg for turen når sokkane er våte etter 100 meter. Nå treng ikkje det vere orsakinga for å bli heime lengerMed spade og muskelkraft er det gravd opp rundt 70 m grøft som gjer at det våtaste stykket på vikestølturen ikkje lenger er problem å komme tørrskodd forbi. Personen som åleine har stått for gravinga ynskjer å vere anonym men Jarle melder at han fekk jobben klarert og godkjend av grunneigar før han starta gravinga….
Det er blitt så fint nå at ein nesten blir inspirert til å følge Jarle si oppmoding om å rydde kvist etter dugnaden på Vikestølshytta tidlegare i år. (sjå om dugnaden i artikkel på Bjoanett)