Grannar: Det vart ingen lettvint torskemiddag på fritidsfiskarane på Bjoa. Meldinga om at over 60.000 tosk var rømt frå Vest Marin Produksjon, var falsk alarm.
Det slo Fiskeridirektoratet fast under ein inspeksjon i går på anlegget på Svalland ved inngangen til Ålfjorden. Det vart ikkje konstatert hol i merdene, og ikkje funne indikasjonar på at fisken var rømt.
— Det er mest sannsynleg ein teljefeil, og Fiskeridirektoratet var vel tidleg ute med å oppmode om oppfiske. Når vi får mistanke om at noko kan vere gale, er vi pliktige til å rapportere til Fiskeridirektoratet, og det gjorde vi på torsdag, opplyser Thomas Alvseike, ein av eigarane i torskeoppdrettet.
Foto: Marit Eikehaugen. Havbruket ved Svalland