Foto:

Trim med O-gruppa

Av: Ernst Arne Sælevik 20.01.2012

Etter eit opphald siste hausten startar Orienterings-gruppa opp att med Trimmen på Bjoa Skule tysdag 24. januar 2012 kl. 1800 - 1930.

Det vert etter vanleg opplegg. Første halvtimen oppvarming ute. Enten jogg, lett jogg eller gå. Alt etter form. Føremålet er å bli varm i trøya.

Etter på er det sirkel/styrketrening inne i gymsalen. Med innsats etter eigen form (som med regelfast trening vert betre utover våren).
Så avslutting ymse slag ballspel for dei som vil det til kl. 1930.
Trimmen høver for alle enten du kjem åleine eller tek med deg familiemedlemar. Eit fint høve til å trimma ilag med familien. Born under 10 år bør ha med seg ein vaksen.

Helsing Agnar og Ernst Arne

Arkivfoto: Torunn Hetland