Foto:

TV-Aksjonen 21. oktober

Av: Ingrid Steinsland 14.10.2012


Søndag 21. oktober er TV-aksjonen, ta kontakt med Ingrid Steinsland viss du har lyst til å gå ein runde på 1 - 1/2 time med bøsse

Som vanleg i Vindafjord har formannskapet i kommunen utpeika ein komité for å leia den lokale innsamlings-aksjonen. Ordførar Ole Johan Vierdal er leiar i den kommunale komiteen, som har ein representant frå kvar av dei ni bygdene i kommunen. Frå Bjoa er Ingrid Steinsland vald for å leie og organisere den lokale innsamlinga.

Treng bøsseberarar på Bjoa
Vil du vera med og gå ein runde på 1 - 1 1/2 time med bøsse, søndag 21. oktober? Innsamlinga startar på skulen klokka 15:00. Bygda vert delt i roder med ei høveleg rute for kvar person.

Ring og meld deg som bøsseberar på Bjoa, til telefon: 481 34 862 (Ingrid)