Foto:

Underhaldning?

Av: Linn Gjerde 21.10.2007

På mystisk vis har eg pådratt meg ansvaret for underhaldning til Bjoa boksamling sin adventskafe søndag 2. desember. No treng eg tips om skjulte eller mindre skjulte talent blant bjoabuen.

Kan du trylla, sjonglera, synga, jodla kva som helst så meld deg til meg:) eller endå betre, har du ein talentfull nabo eller slektning så tips meg, så blir det kanskje din nabo som blir underhaldning på kafeen i år!

Eg er livredd for å baka kaker, det er min store skrekk i livet, derfor tar eg mykje heller på meg ansvar for å til dømes finna underhaldning.

Eg er sikker på at det sit folk med mange rare talent rundt om kring på Bjoa, og det hadde vore så kjempefint å få fram nokon av dei på adventskafeen...

Anten de er gamle, unge eller midt på treet så er alle hjarteleg velkomne til å bidra!

Ikkje ver redd for å ta kontakt, intet talent er for lite, intet talent er for stort i denne samanhengen...

Eg vil ha ein haug med telefonar frå folk no, som tipsar om sine eigne eller naboen sine talent!

Ring meg 91 85 75 05

Venleg helsing Linn