Klokka 17:04, tirsdag 1. april, skjedde det ei bilulykke ved Kjellassvik ellom Ølensvåg og Bjoa. Det var duskregn og våt vegbane.
Ein Ford, på veg mot Bjoa, fekk skrens i svingen før Kjellassvik og kjørte ut av vegen på venstre side. Bilen skrensa vidare i det våte terrenget ca 20 meter og traff deretter ein steinknaus. Ved denne vart bilen kasta opp i lufta, og flaug i boge over berget og nokre bjørketrær på toppen av dette. I luftferda dreidde bilen seg ein og ein halv gong sidevegs rundt sin eigen akse og landa på taket. Til alt hell på andre sida av berget og i blaut landbruksjord.
Bilen som kom køyrande 150 meter bak stoppa og sjåføren sprang til og fekk bryta opp eine sidedøra slik at sjåføren, ei ung kvinne kunne krypa uskadd ut av bilen. Eit under i seg sjølv at ho ikkje vart alvorleg skadd, men bilen er sterkt skada. Andre billistar som kom til velta den over på hjula.
To personar som stod utanfor eit hus i nærleiken såg også det som skjedde og ringde straks 113 då dei frykta at billisten var alvorleg skadd. Ei jakke som låg utanfor bilen gjorde at dei frykta
at ein person var kasta ut under rundvelten og luftferda. Ambulanse kom difor raskt tilstades og undersøkte sjåføren, som ikkje såg ut til å vera synleg skadd. Sjåføren ringde sjølv til far sin
rett etter ulykka, og han kom raskt tilstades.
Foto: Steinar Skartland