Nokon har spurt meg om eg kan halde av plasser. Eg kan love at alle som kjem skal få komme inn og sitte godt (så godt som det går an å sitte på ein kyrkjebenk). Mitt tips er: VER UTE I GOD TID.
Snøen gjer at ting tar ekstra lang tid, og i år er det ikkje like mange som har kjøpt billett på førehand, så då må ein ordne det i døra når ein kjem.
Konserten byrjar kl 19:30, då vil me helst at alle har sett seg ned og funne roen på ein relativt god plass.
Håpar mange vil komma i år også!
Helsing Ingvild