Tungt føre (les: høgt gras) til tross, det prestisjefylte oppgjeret mellom Bjoa og Vikebygd baud på lekre scoringar og stjernepasningar frå følsomme tåspissar.
Bjoa såg i starten av kampen ut til å ha full kontroll, og låg lenge foran med 2-0. Etter nokre alvorsord frå mentor Rune Hetland i pausa såg det imidlertid ut til at Vikebygd hadde fått seg ein mental oppstivar som kom heilt overraskande på gjestene.
I ei imponerande opphenting snudde eit stjernespekka heimelag nederlag til siger og kunne gå av banen med 4-2 og siger etter endt tid.
Kampens myndige dommar var Kjartan Innbjo som ikkje mottok fleire ukvemsord frå spelarane enn det som er vanleg for årstida. Gledeleg var det òg at alle spelarane på båe lag sto oppreiste og uskada etter kampen, noko som kan tyde på pent spel og relativt presise taklingar. For det meste.
Foto: Bortelaget Bjoa pent oppstilte før kampen på eit tidspunkt då både optimisme og generell folkehelse var på topp.