Foto:

VIKESTØLSMARSJEN

Av: Steinar Skartland 07.09.2008

Nabobygdene Vikebygd og Bjoa har ein flott ting felles: Vikestølen. Årleg er det nær eit tusen små og store som tek turen innom hytta her oppe i fjellet. Av desse hadde 709 skreve namnet sitt for gratislodd i basarboka denne gongen, medan nær eitt hundre i alle aldrar deltok i Vikestølsmarsjen 7. september.

Så kom dagen der Vikestølsnemnda arrangerte Vikestølsmarsjen. Ute i den solrike haustdagen hadde Geir Vårvik rigga til med sal av lapskaus og pølser. Nok til over hundre mann. Men det vart nok ein halv kjele til overs denne gongen. Jarle Sandsgård gjorde opp status over diplomar til deltakarane med 80. Frå Eikås på Bjoa gjekk 59 og 21 kom opp Feiensbrekkå frå Vikebygd.

Dei benka seg på terrassen med vener og kjende, medan dei mest sportslege konkurrerte i hesteskokasting. Det vart knivskarp konkurranse om førsteplassen for gutar mellom Mandius Vårvik og Tobias Steinsvik frå Vikebygd. Men premien enda hos Mandius. Gode råd vart gjevne frå dei erfarne til nybyrjarane, men hesteskoa ville hels trilla sine eigne vegar for dei fleste.

Den største utfordringa kom då ein skulle trekka ut vinnaren av ein ryggsekk mellom dei som hadde skreve seg for gratislodd i basarboka. Vinnaren vart Renate Golm frå Cumlosen i Tyskland.

Johan Owe etterlyste mellom deltakarane om nokon visste kven dette var, utan resultat.
- Me får etterlysa dei på Bjoanett og med plakat i bygdene, konkluderte han med.
- Dersom vinnaren ikkje tek kontakt får vi eventuelt trekkja på ny neste år.

Men dei andre gevinstane, på lodd som var selde denne dagen, fann Dag Nagel-Alne ein vinnar til som var kjend. Fruktkorga gjekk til Ruth Vølstad medan Toralv Tveit fekk seg eit brannslukkingsapparat. Elles vanka det både termosar og lykter i premiar.

Så gjekk ein fin dag på stølen til endes. Ingen geiter eller kyr vart mjølka, men idrettslaga i Vikebygd og Bjoa, som står bak Vikestølshytta og marsjen, fekk mjølka litt penger frå nøgde turgåarar til drifta av hytta. Ein fin innsats som dei skal ha stor takk for. Og når dei mobile fekk delt på bensinen, så kom alle seg vel heim tilslutt.

Elles enda hesteskokastinga med desse vinnarane:
Jenter: Barbro Sælevik
Gutar: Mandius Vårvik
Damer: Marit Fosse
Menn: Ernst Sælevik