Det blir julemarknad i år også. Sett av 6. desember.
Komiteen kjem til å spørja dei som hadde stand i fjor om dei vil vera med i år og. Men kanskje er det fleire som kunne tenkt seg å vera med? Har du noko du har laga som du kan tenkja deg å selje på årets marknad, eller veit du om nokon som burde vera med, så ta kontakt med Anne Gunhilde innan 27. oktober.
Komitèen kan og trenga litt "nytt blod", så om du har lyst å vera med å arrangera marknad, ta kontakt med Anne Gunhilde du og!