Arkivert
Ernst Arne Sælevik
Foto:

100 år sidan bureisinga starta i Bjoadalen

I 2021 er det 100 år sidan dei første bureisarane sette spaden i udyrka jord i Bjoadalen. Dalsbruket er det største og mest kjende bureisingsfeltet i dalen, men også nede ved Bjoavatnet og lenger oppe i dalen mot Vikestølen blei det etablert nye gardar i utmarka. Oppstarten og dei første åra er omskrivne i bygdeboka for Bjoa, men det er svært kortfatta og nøkternt, og omhandlar som sagt berre starten.

For eitt års tid sidan møttest Liv-Kari Bødtker, Torhild Hanssen, Ingrid Steinsland og Ernst Arne Sælevik for å diskutera om dei kunne klara å laga eit historisk skriv om bureisinga. Og eitt år seinare slår dei fast at det skal bli bok - ei skikkeleg jubileumsbok!:

"Boka skal dokumentera dette bureisarprosjektet som det gjekk gjetord om i heile landet, om framsynte og ressurssterke personar som kom til bygda og slo seg ned i villmarka, om personane og personlegdomane, om slit og arbeid - ute og inne, om søndagsturar og korsong, om attåtnæring og pengesorger og kvardagsgleder. Om draumen om gardsdrift som dei "innfødde" hadde lite tru på grunna flaum og frost, men som har blitt ein suksess med veldrivne bruk og der bla. a. Noregs mest dugande mjølkebonde driv garden sin i dag. For me vil ikkje berre dokumentera dei første, harde åra, men også ta med utviklinga som har skjedd fram til den generasjonen som bur her nå" seier Liv Kari til Grannar i eit intervju nyleg.

Alt arbeid med innsamling av stoff og foto, skriving og redaksjonelt arbeid blir gjort på dugnad. Ernst Arne har samla inn og digitalisert ei mengde gamle foto,og har tråla arkiva og henta inn artiklar som har stått på trykk i aviser,tidsskrift og liknande opp i gjennom åra. Fleire av dei eldste gjenlevande har bidratt med skriftleg materiale.

"Me er snart ferdige med intervjurunde av etterkomarar av bureisarane og dei som driv gardane i dag. Målet er å laga ei lettlesen bok som har mykje foto, og som er"krydra" med stubbar, hermer og artige fakta som gjer historia levande. Me tenkjer at boka blir eit "must" for alle som stammar frå bureisarane i Bjoadalen, og også interessant for andre med interesse for folka, området og bureisingstida. Boka blir eit historisk dokument med både lokal og regional kulturverdi" seier Ernst Arne i det same intervjuet til Grannar.

Formidable røter blir heiste opp med steinbukk. Ukjent fotograf, men me trur at dei to jordbrytarane er Tormod Sandsgård (t.v) og far hans, Børge Li Sandsgård (frå Nedstrand)
For å få statstilskot måtte bureisarane først byggja løa. Før det måtte turrhøyet samlast i stakkar. Dette er frå Løhaugen, det me i dag kallar Sandsgårdtunet. Ukjent fotograf.

Bjoa.no applauderer initiativet og ser fram til å lesa den ferdige boka!