4H-året 2022 blei korta ned til 10 månader på grunn av pandemi-situasjonen først på året. Dette har gitt utfordringar.
Pluggen 2.0 var heldigvis planlagt lang tid før og kunne opna straks det let seg gjere.
Men andre aktivitetar i årshjulet var meir utfordrande og bl.a. skituren i mars kom for tidleg.
Det var difor veldig gledeleg då ei foreldregruppe med Bente S. Sandsgård i spissen kunne ynskja medlemmene velkomne til Amazing Race 2022.
Dette dagslange rebusløpet på land og i sjø har vore klubben sin største medlemsmagnet sidan starten i 2014.
Løpet starta på skulen der Thelma (leiar i Bjoa 4H) delte inn medlemmene i lag.
Her står medlemmene klar til start.