Arkivert
NR
Foto:

BJOA 4H med nyopning av møte/klubblokale i skulekjellaren

Bjoa 4 H har gjennomført oppussinga av klubblokalet i kjellaren i gym-bygget på skulen. I tillegg til eit avskjerma klubblokale har dei renovert kjøkkenet.

"Veldig viktig for arbeidet i 4 H og kjekt å skapa ein trivelege møteplass for Bjoa-ungdommen", seier primus motor Nils Reimers. Møtelokalet er alt testa ut, og saman med det oppgraderte kjøkkenet er kjellaren nå klar til å ta imot både våre eigne og andre småskala samkomer når korona-reglane etter kvart blir mjuka opp.

Kostnaden kom på over 244 000. BBU har støtta prosjektet med 72 500 kr, Sparebankstiftelsen SR-Bank med 50 000 kr og Husstyret 15 000 kr. Resten har Bjoa 4 H lagt ut, og dei håpar på litt meir støtte, seier Nils til Bjoa.no.  "Me planlegg også å få til trådlaust nett, både i kjellaren og oppe i gymbygget", seier han.

Bjoa.no gratulerer!