Arkivert
Foto:

Bjoa Bondelag kåra til årets lag i Rogaland Bondelag

Godt humør og smil

På Rogaland Bondelag si heimeside uttaler leiaren, Marit Epletveit, at det har vore ei glede å følgja Bjoa Bondelag. Kåringa som Årets lokallag skulle sjølvsagt vore

markert med korpsmusikk, glitter og stas på årsmøtet vårt i Haugesund. Men, når stoda er som den er, vart det ein virtuell markering og ei smittefri overrekking av det

synlege beviset på at Bjoa Bondelag har blitt kåra til årets lokallag.

Som ein del av grunngjevinga for at Bjoa vert årets lokkallag, blir desse momenta trekt fram:

  • Eit godt humør: Når ein har truffe på utsendingar frå Bjoa har førsteinntrykket alltid vore smil og godt humør. Det er veldig kjekt og viktig med slike folk!
  • Aktive i organisasjonen: Dei tillitsvalde har stilt opp på arrangementa som me arrangerer. På møte og samlingar har dei deltatt aktivt og vore  gode bidragsytarar
  • Synlege i lokalsamfunnet: Dei har mellom anna vore med på 4H sin hausttakkefest, hatt besøk av barnehagar, møtt nye politikarar og administrasjon, samla inn jernskrap og invitert medlemmer på bondelagsmøte hyppigare enn dei fleste lokallaga.

Me er heldige som har mange gode lokallag i Rogaland. Til dei andre lokallaga seier Marit: Bli inspirerert av Bjoa, kanskje er det dykkars lokallag som tek sigeren neste år.

— Dette var både overraskande og svært kjekt. Tenkt at eit lite lokallag som oss skulle gå til topps i denne kåringa, i konkurranse med så mange andre og store lokallag, seier lokallagsleiar Bådsvik til Grannar.

Stor aktivitet

Mange aktivitetar og godt humør, er blant kjenneteikna som pregar bondelaget på Bjoa. Laget har i underkant av 40 medlemmar, og har vore dyktig leia av Inga Steinsland i sju år, fram til i fjor då Marianne Bådsvik tok over. Dei to driv begge med sau og står føre ei travel tid. Medan bondelagsleiaren ventar rundt 120 lam når lemmesesongen startar rundt 15. april, tar nestleiaren sikte på ca. 600 nyfødde lam.

— Bjoa bondelag får skryt for stor aktivitet. Stemmer det?

— Ja, me har møte kvar 14 dag, og så prøver me elles å finna på ulike aktivitetar. I vinter hadde me eit slaktekurs, og i slutten av mai samlast me til «Afterlam»-fest hos Inga, for å feira årets lammesesong, fortel Bådsvik

Bjoa.no gratulerer!