Arkivert
Foto:

Butikk på Bjoa - oppdatering

Tusen takk til alle som svarte på undersøkinga om butikk på Bjoa!

Me har fått heile 204 svar og 88% av dei ønskjer at det kjem ein form for butikk på Bjoa igjen.  Me har fått mange engasjerte svar og ulike meiningar om kor og korleis me bør jobba vidare med mogleg ny butikk på Bjoa. Me har samla stikkorda som blei spelt inn, og laga ei ordsky, sjå tittelbiletet.

Den store interessa, dei mange svara og alle konkrete innspel har gitt oss i Prosjektgruppa masse motivasjon til å jobba vidare med resultata frå undersøkinga og vidare med planen for mogleg ny butikk.

Har du fleire meiningar/idear eller ønskjer du å vere med i gruppa som jobbar vidare med dette?

Har du ein draum om driva eller jobba i ein ny butikk?  (me fekk og nokre tilbakemeldingar om dette i undersøkinga).

Har du nokre gode forslag til finansiering av ny butikk?

– Så ta kontakt med oss i prosjektgruppa: Anna, Bente, Ingvild, Anne Sofie og Torgeir

Som det går fram av grafane under, er det er både mange fastbuande og hyttefolk som har svart og dei er både unge og gamle.