Me vil også takka eldsjelene i julekomiteen som er sett saman av folk både i og utafor Sanitetsforeninga. Takk til alle som har bidratt med idear og planlegging, pynting med lys og skifte av batteri, laging av julekort som det hemmelege julepostbodet har lagt i to postkassar kvar dag heile førjulstida, til tullenissen/-ane som har engasjert og gledd ungane både i barnehagen og på skulen, bedrifter og bønder og endå fleire, til dei som laga peparkakeutstilling i Gardkroken (og ila til med vifter og avfukting ein sein kveldstime), til dei som har tatt i mot stemmer og kåra vinnarar av julehus og peparkakekreasjonar, til dei som har delt ut julehelsing til Kløvertreffdeltakarar og eldre medlemmer på Bjoa og til utflytta bjoabuar på institusjonar og boligar i kommunen - og til den som skal laga julekahoot søndag 27. desember!
Takk til alle som har delteke med pynting, baking, stemming, fine ord på hjartetreet ved Bjoavatnet og kjekke tilbakemeldingar.
Og ikkje minst: GRATULERER til vinnarane som vann suverent i sine klassar. Torgeir Sandsgård sitt hus i Buavegen 44 hadde finaste julehuset, og det er framleis mogeleg å komma å kikka i det magiske tunet med eiga nissestove. Emi Bødtker Krøger og Ingrid Tveit Torsen vann peparkakekonkurransen med den imponerande peprakakeversjonen av Hogwarts (skulen der Harry Potter går).
Takk også til organisasjonar og bedrifter som har støtta oss praktisk og økonomisk: Granberg as, Bjoa Bondelag, T. Sandsgård Anlegg, Tveit Maskin, Utbjoa Armering og Sveis, Bjoa bygdeutviklingslag og Sandvik Gard (som eig Gardkroken). Og har DU lyst å gi eit bidrag som takk for tiltaket så tar me me glede i mot eit valfritt beløp til Vipps 122088 eller konto 3240.12.39714. Eller du kan gi til NKS sitt julegavefond for å gi barn i sårbare familiar ei betre jul (neste år) https://sanitetskvinnene.no/julegavefondet
Julelysa og utstillingane vil stå til over nyttår så me kan gle oss over lys i mørket heile julehelga.
Bjoa Sanitetsforening vil ønskja alle i og utafor bygda ei rektig GOD JUL!