Arkivert
gd
Foto:

Godlyd i Gymsalen

Godlyd i Gymsalen

Lyd- og Lysanlegget i Bjoa Bygdehus - på folkemunne kalla Gymsalen - har fått ei imponerande oppgradering i år. Lydanlegget er skifta ut med toppmoderne utstyr av høg kvalitet, og det er meir brukarvenleg enn det gamle som har fungert i vel 20 år.  Det er mogleg å bruka 6 mikrofonar samstundes, 2 vanlege og 4 såkalla myggar. Med to topphøgtalarar under taket langt framme i salen og 2 basshøgtalarar innebygt i scenefronten leverer anlegget ein veldig direkte og tydeleg lydkvalitet. Det er også installert akustiske plater i salen for å betra akustikken, og teknisk utstyr i tak og scenefront er skjerma med lokalproduserte gitterkassar frå Utbjoa Sveis og Armering. Dessutan er det nå installert teleslynge - eit etterspurt hjelpemiddel sidan bygget var nytt i 1983.

I tillegg er det installert nye scenelys - 4 taklys i salen som kastar lys mot scenen og 6 scenelys i bakkant av scenen. Rundt salen i overkant av ribbeveggen er det montert dekorlys, med tanke på å skapa eit mjukare lys når salen blir brukt til tilstellingar og slutta lag. Dekorlysa kan varierast i 4 ulike fargar kvar for seg eller saman.

Dessutan er det montert ein flunkande ny videoprojektor som sender bileta bakanfrå, slik at den heng trygt i taket bakerst på scena. Visingslerretet er også montert i scenetaket, med elektrisk motor for senking og heving til ønskjeleg høgde. Anlegget er lagt til rette for all slags vising av lyd og bilete frå digitalt utstyr (mobiltelefon, datamaskin e.l.).

Andreas Våge viser det oversiktlege styringsskåpet for anlegget

Dette er den største oppgraderinga av LL-anlegget i Gymsalen sidan bygget var nytt, og det er eit skikkeleg stort løft - også økonomisk. Eldsjeler i Bjoa 4H tok initiativ til prosjektet: Roald Sandsgård har vore prosjektleiar og har hatt god hjelp frå Bente Sandsgård og Nils Reimers. Sistnemnde saman med SØK-Stiftinga og Bygdeutviklingslaget er dei største sponsorane til anlegget, som har ein prislapp på over 500 000 kr. Bjoabaserte Våge Multimedia har levert anlegget, og Andreas Våge seier til bjoa.no at det er lagt vekt på høg kvalitet, lang levetid og at anlegget skal vera enkelt å bruka.

Alle lokale brukarar av anlegget vil bli invitert til eit brukarmøte til hausten for eit ABC-kurs i bruk av den nye teknikken. Rett bruk er viktig både for å sikra rett kvalitet av lyd, lys og bilete, og for å sikra at dette flotte anlegget får eit lang levetid.

Prosjektkomiteen avslører at det vil bli invitert til ei markering utpå hausten, der det nye anlegget skal få visa seg fram både med lyd og bilete.

Bjoa.no blei mektig imponert av den gode lys- og lydkvaliteten det nye anlegget leverer, og takkar på vegne av bygda for initiativet! Mange takk også til sponsorane og dugnadsmannskapet. Dette kjem til stor nytte og glede for bygdefolket i lang tid framover!