Arkivert
aks
Foto:

Nå er Bjoa på Instagram

Nå har Bjoa fått si eiga Instagramside. Følg oss på instagramsida bjoa.no!

Me vil visa deg Bjoa: Folka, kjensla av fridom og kvardagen.

Instagramkontoen har utspring i ei prosjektgruppe i Bjoa Bygdeutviklingslag: Jonas Sandsgård, Frode Bødtker og Anna Klette Steinsland. Gruppa er svært opne for innspel til innhald og tar gjerne imot fleire medlemmer om det er fleire som vil vera med i gruppa. Dei presiserer og at dei er avhengig av innspel/bilete/innlegg frå andre som likar seg på Bjoa.

Bruk gjerne favoritt-taggane våre på Instagram #mittbjoa #bjoakvardag #nytbjoa .

Husk at du må ha open instagramkonto for at me skal finne bileta dine og at du har opna for at innlegga kan delast vidare. Prosjektgruppa seier dei prøver seg litt fram på korleis dei vil utvikla kontoen.  Førebels har me nytta historie-funksjonen mest. For eksempel lånte gruppa som jobbar med utvikling av Vedvikjo, kontoen til å ha ei avstemming om brukarane ønskjer seg huske eller hengestol i Vedvikjo. Nyttig! (hengestol vant).

- "Me har og tatt følgjarane våre med på arrangement, sist var dei med på gjennomføring av sommarpub på Kaien", seier Anna til bjoa.no.

I sommar ber me folk spesielt tagge instagraminnlegga sine med #bjoasommar, OG me premierer med heder og ære på slutten av sommaren. Aktuelle tema:

- Dei største smila

- Kjensla av kvardagslukke

- Aktivitet (uavhengig av vêr)