Arkivert
ks
Foto:

Nytt liv for Gamleskulen

Det starta for lenge sidan. Gamleskulen på Innbjoa blei reist i 1871 og tente bygda godt i om lag 90 år. Trevyrket skal ha vore frå Bjoa og lokale bygningsfolk hjelpte ein omreisande bygdeskulesnikker med reisinga av bygget. Snikkeren fekk 400 speciedalar i betaling. Huset låg då kloss inntil vegen, og skuletroppa gjekk rett ut på vegbanen. Skuleplassen var like mykje ute på vegen som den var bak skulen. Skulestova har vore læringsarena nr. 1 for oppvaksande slekter på Innbjoa frå 1871 og fram til 1963. Då stod den nye skulen klar, inne ved Idrettsplassen.

Tomme hus blir snart gamle, heiter det, så idear om alternativ bruk av Gamleskulen kom opp av og til etter 1963. Mest konkret var det då Bjoa Saum med 4 driftige damer frå Bjoa sette i gong, i samarbeid med Livold Konfeksjon. Dei meinte skulen kunne fungera som systove, og huset vart oppgradert med nytt golv, og himlinga vart isolert og panelt. Sydamene dreiv systove der i vel 4 år frå 1982, og etter den tid flytta dei produksjonen til meir tidsmessige lokale på Utbjoa.

Bjoa 4H fekk så tilbod om nytta skulehuset som klubbhus, og dei tok utfordringa på strak arm. Ny vedlikehaldsrunde følgde både i skulestova og kammerset. Ballplassen bak skulen blei re-etablert og huset fungerte som klubbhus i alle fall mesteparten av året. Etter kvart vart meir og meir av lagsaktivitetane flytta til kjellaren i Gymbygget, og frå ca. år 2000 var Gamleskulen igjen utan faste funksjonar.

Utan interesse for fast bruk av noko slag i omlag 20 år, blei det klart for alle at ein måtte tenkja heilt nytt for å sikra Gamleskulen eit vidare liv. Saka var oppe fleire gonger i Bygdeutviklingslaget og på fleire bygdamøte. For å berga huset innsåg alle at me måtte vera viljuge til å gi slepp på huset og overlata det i andre sine hender. Huset blei lagt ut på Finn med melding om at interesserte kunne få overta huset gratis, men med vilkår om at nye eigarar måtte riva det ned sjølv og setja det opp med tanke på varig bruk. Det kom ca. 40 svar på annonsa på Finn. Det mangla ikkje på draumar og gode idear for gjenbruk blant dei interesserte, men dei fleste imponerte ikkje like mykje med omtalen av gjennomføringsevne. Styret i Bygdeutviklingslaget vurderte søknadane grundig før det blei gjort vedtak om å tilby huset til Knut og Kjersti, som hadde konkrete planar om å nytta huset i eit planlagt hytteprosjekt i Blefjell-traktene.

Bygdeutviklingslaget fjerna eternittaket på dugnad, og seint i september 2020 var det klart for riving, eller demontering som det heiter om tømra hus. Granberg AS stilte opp med kontainarar for alt som skulle kastast, og tok kostnaden med det! Dei hjelpte også til med oppryddinga etter rivinga.

Eternitten er fjerna av BBU og huset er klart for demontering.

Kjersti og Knut kjenner sikkert på mjølkesyra, men er ved godt mot.

Etter ei haustveke med lange dagar og mykje slit var huset klart til lasting og transport til Austlandet. Materialane vart lagra innandørs to vintrar på eit trelast/tørkelager i Seljord i påvente av grønt lys i byggesaka og ferdiggjering av byggetomta. Litt krøll blei det med godkjenning av bygget. Takvinkelen var ein god del brattare enn det som er godkjent i hyttekommunen Flesberg, så det måtte dispensasjon til for å få godkjent den "vestlandske" takvinkelen. Men kvitfargen kunne dei berre gløyma: Alle hytter i området skal ha mørk farge, helst mørk brun. Kommunen gav endeleg grønt lys i slutten av mai 2021. Grunnarbeidet starta hausten 2021 og plata var ferdigstøypt før vinteren kom. I Blefjell-traktene blir det mykje snø og den ligg lenge!

Kjersti jublar for "The end of the beginning".

Reisinga av huset starta etter at snøen var borte og marka telefri tidleg i juni 2022, med planar om å ha tett hus før ny vinter. Det gjekk etter planen med god margin!

Tett hus utpå hausten i 2022.

Tømra vart vaska etter alle kunstens reglar, og det blei funne både blyantrabling og ei melding var skoren ut med kniv: "K + L" ? Mon tru kven det kan vera?

Vel eit år seinare, seinhaustes 2023, er hytta såpass ferdig både ute og inne at det kunne bli julefeiring i Gamleskulen!

Biletet nedanfor fortel det meste, men her er i tillegg ein kort omtale av oppattbygginga: Den gamle tømmerkassen er bygt opp igjen nøyaktig slik den opphaveleg stod på Bjoa. Golv- og himlingsbord er nye, samt ytterkledning og tak. Himlinga er fjerna i mesteparten av skulestova, men utsparingane etter himlingsbjelkane er synlege i dei øvste tømmerstokkane. Dette gjer at rommet blir luftigare og "stova" framstår som romslegare på ein måte. På det som var austveggen på Bjoa, er det sett inn ei dobbel glasdør mellom dei to opphavelege glasa, med utgang til naturen utanfor (der det forresten hoppa rundt ein liten hare).  Den gamle tavla er borte frå "bakveggen" til høgre, som har gitt plass til sofakrok, og i hjørna mot kammerset er det sett inn eit nytt glas. Glaset oppi mønet er som opphaveleg. Med lyset frå gamle og nye glas og med reine vegger, har skulestova fått eit tiltalande lyst og lett preg. Omnen er flytta litt ut i rommet og bygt saman med "øya" i den todelte kjøkenkroken. Den andre kjøkenøya/benken er montert på veggen mot kammerset og dekkar den opphavelege døra dit inn.

Ein liten detalj frå inngangen kom for dagen under riving. Den opphavelege døra direkte frå inngangen og inn til lærarkammerset, blei nok kledd inne ein gong, så det kan vera mange som ikkje hugsar den. Men den kom for ein dag under rivinga. På biletet nedanfor kan ein sjå døra som går inn til kammerset til høgre. Kammerset er i dag eit moderne baderom. Rett fram går døra inn til skulestova - og over døra står meldinga "Velkomen" utført med spiker i tømra - sikkert ei velmeint helsing frå snikkeren i 1871. Biletet viser også avslutninga av tømmerkassen, som aldri gjekk heilt rundt inngangen - noko som også er synleg på bilete nr. 2 ovanfor. Ein gammal skulepult (som låg på loftet) fortel om funksjonen dette bygget har hatt.

Det er også andre ting som skal minna folk om at denne bygningen er ei skulestove som ein gong har stått på Innbjoa. Kjersti peikar stolt på eit par bilete frå "gamle dagar" og ønskjer seg gjerne fleire. Ein einsleg tresko vart også funnen under rivinga....einkvan har nok måtta gå berrføtt heim frå skulen ein dag.

Gamleskulen blei grundig inspisert av ein interessert Bjoa-gjeng som var på søskentur til Kongsbergtraktene i juni 2024. Av dei fem var det fire tidlegare elevar på Gamleskulen, og alle var storleg imponerte av pågangsmotet og innsatsen til Kjersti og Knut. Makalaust resultat!

Dei nye eigarane har tatt så pietetsfullt vare på Gamleskulen at ein kan missa både munn og mæle. Det lyser respekt, god smak og gjennomført godt handverk over alt. Me kunne konstatera at Gamleskulen på vellukka vis har flytta inn i ei anna tid og at det nå ligg svært godt til rette for eit langt og nyttig liv som familiehytte.

Bjoa.no ønskjer dei nye eigarane veldig mange gode år i Gamleskulen, og me takkar på vegne av bygda for den verdifulle innsatsen dei har gjort for å ta vare på ein viktig bit av Bjoabygda si historie! Takk også for at bjoa.no har fått bruka foto som Kjersti og Knut har tatt frå bygningsprosessen!

Kjersti og Knut på den nye dørsteinen framføre Innbjoa Gamle Skule