Vindafjord Turlag har arbeidd i fleire år med eit turvegsprosjekt mellom Bjoa og Vikebygd. Turvegen er siste del av eit større prosjekt som går ut på å knyta saman fleire turvegar, og korta ned avstanden mellom Vikebygd og Bjoa. Vegen vil ha sykkelvegstandard.
I dag går det skogsveg frå Dalaskuret til Baslia og skogsveg frå Bakkafossen til Skredalen. Ved å byggja ein stubbe med ny veg og bru over Dalselva, vil ein knyta dei to traktorvegane saman. Vegen vil vera stengt for motorisert ferdsel, med unntak for grunneigarane.
Lengda på turvegen frå Dalaskuret til Bakkafossen er 4,2 km. Vegen er relativt flat, og difor svært godt eigna for barnevogn eller rullestorbrukarar. Dalselva er ei roleg elv og det ligg godt til rette for ulike fritidsaktivitetar for folk i alle aldrar.
Ved å byggja denne turvegen opnar det seg eit utvida turtilbod for sykkel og gåing. Tidlegare i år fullførte Turlaget turvegen mellom Ølensvåg og Eikås, og med den nye turvegen vil ein ha ei rundløype mellom Ølensvåg, Bjoa og Vikebygd.
Positive grunneigarar har gjort dette prosjektet mogeleg, og kostnaden med turvegen vil bli finansiert med midlar frå tippemidlar, dugnad og gåver.