Sanitetsforeninga ønskjer å gi bygdefolket gode juleopplevingar saman, utan å samlast.
Me håpar du set pris på påfunna våre i mørketida, og så ønskjer me deg og dine ei fin og koronafri førjulstid!
Helsing styret og julekomitéen i BjoaSanitetsforening
…………………………………
Frå laurdag 28. november
Lys i mørkret
Første adventshelga og utover i desember blir det ekstra magisk å rusla langs turvegen rundt Bjoavatnet etter det er blitt mørkt. Og midt inne i skogen får du vera med å pynta eit tre.
Søndag 29. november kl 18.00
Felles julelys-tenning
Me kan gjera ting i lag fordi om me ikkje kan VERA i lag! Me oppfordrar alle til å gjera klar adventstakar, - stjerner og julelys ute og inne. Og presis klokka 18 første søndag i advent, så skruer ALLE på julelysa samtidig – i hytter, hagar og hus! (Viss du alt HAR tent lysa for sesongen, men du kan jo sløkkja dei og tenna igjen kl 18 😉)
Frå søndag 6. desember
Julehus-kåring
Folkehelseinstituttet oppfordrar til å tenna lys tidleg denne jula. La det gå sport i det, og bli med på konkurransen om Bjoas mest julete julehus (ute)!
Meld på huset/tunet ditt, og sørg for at det er ferdig pynta ute til 6.desember. Då kan du/husstanden ta turen rundt i bygda, og stemma på favoritthuset via sms. Premie til vinnarhuset/-tunet! Lista over hus som er med i konkurransen blir lagt ut på Fb, bjoa.no og kan fåast hos Herman.
Påmelding seinast 4. des. og stemming seinast 20. des. til Herman Westerman tlf 986 16 310.
Fråsøndag 13. desember
Peparkake-utstilling
Me har fått låna lokalet i Gardkroken, og vil laga tidenes utstilling av peparkakebyggverk og -figurar i vinduet. Du kan baka kva du vil, men me har eit par tips: noko som gjer deg glad og fellesskap: Leikehytta,drømmehuset, lykkeplassen. Og det treng ikkje vera hus, - du kan baka figurarsom går i 17. mai-tog, spelar fotball, dansar, sånt som me gler oss til når korona er over. Publikum stemmer via sms, og det blir premie til vinnarbidraget.
Påmeldingseinast 8. desember og stemming seinast 20. desember til Marlen Bødtker tlf 98356 221.
1.– 24. desember
Julekort-kalender
Kvar dag frå 1. – 24. desemberf år to tilfeldige husstandar på Bjoa ei koseleg helsing i postkassen. Dette er eit samarbeid med Bjoa skule.
Og kanskje….
Det går rykte om at det er kommen ein godsleg rampe-nisse til Bjoa. Ikkje godtå vita kva slags nisse-streker han kan finna på, viss han ikkje hamnar i karantene, då. Og Santa Lucia har lyst å komma og spreia lys og glede, men ho må testast før ho kjem inn i landet og kunne ikkje lova noko.
Saniteten/Helselaget har i «alle år» besøkt bjoabuar på institusjonar og boligar med ein blom før jul. I år får me neppe komma inn på besøk, men helsing skal dei få, både dei og nokre trufaste, eldre medlemmer og Kløvertreff-damer her i bygda.
Søndag 27. desember kl 19.00
Jule-Kahoot
Digital romjulskonkurranse med spørsmål og svar-alternativ der det gjeld å svara både rett og raskt. Passar for enkeltpersonar eller lag i alle aldrar «i de tusen hjem». Meir informasjon og lenka til kahooten blir lagt ut på Facebookog Bjoa.no.
Kahoot-kontaktLinn Gjerde tlf 918 57 505.
Aktivitetane her gir ingen inntekter, men litt utgifter. Ønskjer du å vera med å dekka dette, kan du gi eit frivillig bidrag til Bjoa Sanitetsforening Vipps 122008 eller konto 3240.12.39714 merka «Jul». Eventuelt overskot blir øyremerka aktivitetar i bygda.
Kontakt Liv-Kari Bødtker tlf 415 49 252.
Følg aktivitetane Bjoa Sanitetsforening si Facebook-side.