Ein ny beitesommar er over for sauene til Inga. Dei har beita i frodig fjellgras under Hardangerjøkulen, men nå har dei første snøfillene falle. Inga og Arve mønstra eit heilt fotballag som medhjelparar pluss gjetarhunden Rohna. Til saman losa dei meir enn 400 sauer trygt tilbake til samlekveo og ventande transport. Steinsland neste!
Filmen finn du på denne lenka og fotograf er Viktor Ronnert:
https://m.youtube.com/watch?t=&v=S6OnSs4Yh5k&fbclid=IwAR1WZv8tl_5yrFe0-mGY47EyeY-rkjYkUHnYtsgi2YPaqtWv7KGmBoeDN9w
Desse spreke gjetarane var med Inga Steinsland og Arve Gramstad til fjells: Bertil Steinsland, Vegard Hetland, Mathias Granberg, Stian Bauge, Egil Gangstø, Herman Westerman, Bjarte Nedrehagen, Viktor Ronnert, Leif Klette Steinsland, Lorentz sr. og Lorentz jr. Humlevik