Arkivert
Toppbordet på plass!
Foto:

Stordugnad på Grendahuset

Det gode liv på Bjoa – når me løfter i lag.

 

Grunna lekkasje og tendens til ustabilitet i vestveggen på Utbjoa Grendahus, bestemte styret at reparasjon av dette skulle ha førsteprioritet for Grendahuset dette året. Me fekk ein byggmeister til å sjå på kva som måtte gjerast, og me kom fort fram til at kostnadene ville bli langt større enn det Grendahuset sin økonomi kunne bera. Styreleiar Nils Terje Oma gjorde research og fann ut at med rettleiing, optimisme, vilje og gode dugnadsfolk burde me kunna klara å få dette til på eiga hand.

Nils Terje allierte seg med byggmeister Sigve Eikeland som var villig til å vera konsulent og følgja arbeidet. Med rettleiing frå Sigve bestilte Nils Terje inn nødvendige materialer og gjekk i gong med å skaffe dugnadsfolk. Responsen på dei mange telefonsamtalane for å skaffa dugnadsfolk var utelukkande positive. Her var mange som ville og kunne delta. Det er sjølvsagt svært motiverande og kjekt når så mange ønskjer å bidra!

Måndag 12.august starta det praktiske arbeidet. Stillas blei reist og sikra oppetter den høge veggen. Tysdag blei den gamle bordkledninga riven og fredag var det klart for gjenoppbygging. Med gode arbeidslag både fredag og lørdag kom me i mål med å stiva av, isolera og kle veggen på nytt. Vindauget blei flytta ut for å flukta med veggen. No står det att å lista og mala veggen. Det er meininga å få det til i løpet av dei neste vekene om vêret tillet at me maler.

Me kan ikkje få understreka nok den gleda og takksemda me kjenner på vegne av Grendahuset og bygda, for all den positive og gode innsatsen som er gjort av dugnadsfolket! Arbeidsoppgåvene har vore mange: alt frå planlegging, fagleg rådgjeving og rettleiing, utlån av stillas, transport av materialar frå Berge Sag, donasjon av materialar frå privat sagbruk, reising av stillas, riving av bordkledning, gjenoppbygging av veggen med avstiving, isolasjon og bordkledning, rydding og bortkøyring av boss, matlaging og servering.

Lista over alle som har bidratt er lang: Sigve Eikeland, Roger Rolfsnes, Svein Kristiansen, Agnar Naustdal, Torstein Kåre Åsbø, Sigurd Utbjoe, Eivind Gangstø, Leif Terje Årvik,Harald Hetland, Torleif Stensen, Marie Klippen, Odd Klippen, Sigurd Inge Solheim, Kenneth Knutsen, Dagfinn Knutsen, Gunnar Sverre Årvik, Kjell Bjørnar Årvik, Nils Terje Oma og Elin Arianson.

Då lekkasjen i veggen blei oppdaga i fjor haust, kom det som ei overrasking på styret. Denne dugnaden har vist at det er utruleg kva me kan få til når me løfter i lag! Det var ikkje midler i kassa til å få utbetra skaden, men det var ingen veg utanom å få planlagt og gjennomført utbetringsarbeidet. No er jobben gjort med stor innsats frå mange! Materialkostnadene må sjølvsagt betalast og styret set si lit til godt oppmøte på den årlege basaren den 23.august. Alle basarinntekter går til utbetring av Grendahuset.