Arkivert
gd
Foto:

Ungdommeleg støypedugnad på "Gymmen"

Bjoa Idrettslag og Bjoa Sanitetsforening har gått saman om å byggja eit treningsrom i Helsehuskjellaren. Arbeidstittelen er "Gymmen", og her skal bjoabuen få tilgang til eit treningsrom med treningsapparat og utstyr, utan å reisa ut or bygda. Tilbodet vil også fungera som ein treffpunkt for bjoabuar - kanskje særleg for ungdomar. Det var i alle fall noko som var heilt unikt ved dagens dugnad: Ungdommen var i fleirtal!

Styreleiar i Idrettslaget Egil Gangstø: "Dette blir kjempebra!"

Til Bjoa.no seier styreleiar i BIL, Egil Gangstø, at dei fekk eit luksusproblem i dag: Det kom rikeleg med folk til dugnaden og spesielt kjekt var det at det kom så mange ungdommar. Bjoa.no talde 15 deltakarar og av desse 2 jenter.

Med golvet i treningsrommet ferdigstøypt, står røyrlegging og elektrikararbeid for tur, før meir snikkerarbeid både i treningsrommet og på badet/toalettet.

Framdriftsplanen tilseier at "Gymmen" kan bli opna før jul, slik at det kan bli ei råd med å byggja musklar og kondisjon utpå vinteren.

Roald Sandsgård var også strålande fornøgd med dugnadsinnsatsen