Soknerådet inviterte til vårdugnad ved Bjoa Kyrkje denne veka, og responsen frå Bjoa-folket var god ...som vanleg.
Det er mykje vegetasjon på og omkring kyrkja, og ikkje alt som gror og veks er med på å gjera kyrkjegarden finare. Dugnadsgjengen rydda opp etter vinteren og luka i tillegg i grusgangar og plantingar.
Gjennom det siste året har kyrkja fått ny bordkledning og ny isolasjon, og glaso mot sør og eit ytterdør har også blitt skifta ut. "Det er sikkert det største vedlikehaldet som er gjort sidan kyrkja var ny", seier Knut Omdal til bjoa.no.
Det er nok snakk om eit samla vedlikehald på langt over ein million kr, og det flotte resultatet av arbeidet er også inspirerande for å halda nærområdet velstelt.
Dugnadsgjengen observerte fleire oppgåver å gå laus på, i samarbeid med kyrkjeeigar og sokneråd, så det blir nok fleire dugnader!