Gråhorghytto er nå 100% ferdig. Sigfred la toppsteinen på brannmuren før jul, og dermed var siste posten på arbeidslista utført.
I 2019 har om lag 700 personar vore innom hytto, og det er mange gode tilbakemeldingar i turboka / gjesteboka. Hytto har svært godt av å bli brukt og av å bli varmt opp av og til - anten av dagsgjester eller overnattingsgjester. Me har framleis eit brukbart vedlager av overskotsmateriale frå byggjeperioden, men det minkar...
For at det skal vera godt med tørr ved i vedbua, har me lyst til å utfordra turfolket om å ta med seg nokre skier på veg opp til hytto. Det er plassert ut ein kasse med tørr ved der den første traktorvegen (rekna frå parkeringsplassen) sluttar, ved Langemyrssteinen. Kanskje me greier å få opp alt i løpet av 2020?
Ikkje ta for tung bør - det skal først og fremst vera kjekt å gå til Gråhorgjo!
God tur!