KORe' Vindafjord og Bjoa Bygdeutviklingslag inviterer til stemningsfull julekonsert i Bjoa kyrkje onsdag 4. desember kl. 18.30. Det blir eit flott og godt arrangert program med dyktige koristar, solistar og Lasse Jarmer som dirigent. Set av denne kvelden og bli med på å skapa julestemning med kommunen sitt eige kor. Ingen billett, - dette er Bjoa Bygdeutviklingslag si julehelsing til bygdefolket så alt du treng gjera er å møta opp og nyta! Ta gjerne med deg nokon så me fyller kyrkja denne desemberkvelden!